Book performances and other services
*These services are only in Norwegian
Veronika kan tilby ulike tenester.
Teaterframsyningar, kurs, kulturelle innslag, instruktørhjelp og mykje meir.
Ta kontakt for pris og oppdrag
-
"Austanfor sol og vestanfor måne" (Framsyning)
På turné 2024 (DKS og bibliotek/kulturhus).
Likar du Eventyr? Kanskje du likar å dikte dine eigne? Bli med på ei eventyrleg
reise kor vi får møte blant anna prinsesser, bjørnar, trollkjerringar og nordavinden. Klarer vi å redde prinsen frå forheksinga?
Skodespelarar: Veronika Røssland og Frøydis Flotve
Frå 4-10 år
Lengd: ca. 35 minutt"Austanfor sol og vestanfor måne" har premiere i Bjørnafjorden januar 2024.
-
"Trollet utan hjarte" (Framsyning)
På turné 2023 (DKS)
Neste framsyning er november 2023I denne framsyninga blir vi kjend med eit troll utan hjarte og Askeladden som må finne hjartet til trollet for å redde brødrene sine, og Prinsessa sjølvsagt.
Denne farmsyninga innheld både skyggeteater og dikting i lag med barna.
Send epost til veronikafr@live.no eller frflotve@online.no for meir informasjon.Skodespelarar: Veronika Røssland og Frøydis Flotve
Frå 4-10 år
Lengd: ca. 35 minutt -
"Tyrihans og Prinsessa som ikkje kunne le" (Framsyning)
På turné 2022
Likar du eventyr? Kanskje du likar å dikte dine eigne? I denne framsyninga får barna vere med å høyre og dikte. Kan du få prinsessa til å le?
Send ein epost til veronikafr@live.no eller frflotve@online.no no for meir informasjon!Skodespelarar: Veronika Røssland og Frøydis Flotve
Frå 4-10 år
Lengd: ca. 35 minuttDet siste åra har vi spelt for alle i 1 trinn i Bjørnafjorden, skular i Askøy kommune, samt fleire bibliotek i Bergen og omegn.
-
"Dei tre mostrene" (Framsyning)
På turné 2021
I denne framsyninga blir du kjend med fleire typiske eventyr figurar. Det blir latter, tårer og mystiske hjelparar.
Teaterfrø fortel klassiske norske folkeeventyr og inviterer elevar til å dikte sine eigne eventyr.Skodespelarar: Veronika Røssland og Frøydis Flotve
Frå 5-9 år
Lengd: ca. 35 minuttDei siste åra har vi spelt for alle i 1 og 2 trinn i Bjørnafjorden samt barnehagar, skular og bibliotek i Askøy kommune. I fjor haust var vi også å sjå på Bokbåten Epos og Kulturfest i Olsvik.
-
Teaterlærar for barn og unge
Veronika har vore teaterlærar og regissør for ulike grupper ved Os barne- og ungdomsteater sidan starten i 2014. Før det var ho også assistent for fleire grupper ved Vestlandske teatersenter.
Veronika held også kortare kurs innan teater for barn og unge.
Treng du ein teaterinstruktør med erfaring?
Send mail til veronikafr@live.no -
Videoredigering
Treng du eller gruppa di hjelp til videoredigering?
Veronika har redigeringserfaring frå New York film Academy.
Sjekk ut noko av arbeidet hennar her:
https://www.youtube.com/channel/UCJQphepgyJwLdoWfiq2rsbwHo har tidlegare redigert kortfilmar, showreels og promoar.
-
Kurs - effektsminke
Treng du eit kurs innan effektsminke?
Skal du ha kutt, skoddsår eller liknande med i din neste produksjon?
Eller kanskje du berre skal sminke deg litt ekstra til Halloween?
Ta kontakt!